Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1915

7.1.1915 kjem første nummeret av Havgula ut på Follerøy med Hj. Myhre som redaktør. Siste nummeret kjem 20.7.1916. 
 
23.6. vedtek Odelstinget mot 18 røyster i lov om landsfolkeskulen at elevane har rett til å bruke sitt eige talemål i undervisninga, og at lærarane skal tilpasse talemålet sitt til dette.  Odelstinget vedtek samrøystes at val av skriftleg opplæringsspråk skal avgjerast ved folkerøysting i skulekrinsen (sjå 1969, 1985). Tidlegare har ikkje skulestyret vore bunde av vedtak i dei enkelte krinsane (sjå 1892). 13.7. vedtek Lagtinget samrøystes det same.
 
6.11. disputerer Knut Liestøl over den første doktoravhandlinga på landsmål, Norske trollvisor og norrøne sogor.
 
17.12. tek Kyrkjedepartementet bort det atterhaldet om bruken av liturgi på landsmål som var blitt innført tidlegare (sjå 1907).
 
Norskt maalkontor, som har halde det gåande sidan 1900, blir avvikla.


Sist oppdatert: 28.08.2014