Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1916

30.3. har Bernt A. Støylen ferdig utkast til ny altarbok, på oppdrag frå Kyrkjedepartementet (sjå 1920).

12.4. kunngjer styret i Midthordlands Dampskibsselskab ordensreglar på landsmål.

16.6. melder Dagbladet at Det Norske Teatret har kjøpt Rosenkrantzgt. 9 og 9B og Kristian IV gt. 4 i Kristiania av teaterdirektør Johan Fahlström til tomt for nybygg. Kjøpesummen er 323 000 kroner og blir finansiert med lån frå ungdomslaga i Bergen og midlar frå eigedomsmannen Cornelius Berg Bugge. Seinare betaler teateret attende lånet med midlar frå Pengelotteriet (sjå 15.1.1914, juni 1918, 6.5.1985).

25.6. vedtek Sogn og Fjordane fylkesting å be kommunestyra avgjere om ruteheftet for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skal prentast på landsmål.5.7. vedtek Stortinget å løyve 300 000 kr frå overskotet av Pengelotteriet til nybygg for Det Norske Teatret i tråd med søknad frå teatret i 1914 (sjå 191419181985).

3.7. melder Wollert Keilhau Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk -- bygdemaal og landsmaal -- 1646--1915 av Anton Aure, utgitt på eige forlag (sjå 1908). Olaf Norlis Forlag kjøper restopplaget og gir det ut under eige namn same året. Bibliografien blir ført vidare til 1935 av Aure saman med Olav Dalgard og Arne Gallis; fjerde bandet kjem i 1942.      

8.10. blir Østlandsk Reisning skipa på Jessheim med Eivind Berggrav-Jensen som første formannen. På det meste har organisasjonen 10 000 medlemmer. Organisasjonen går over i Østlandsk Ungdomsfylking i 1926 og går ut or soga seks år seinare.

22.10. kjem første nummeret av Norsk Barneblad som Andreas Haavoll har ansvaret for (sjå 1887). Haavoll har denne stillinga i 40 år, til Johannes Farestveit tek over i 1956.

4.11. presenterer styreleiar og arkitekt Kristen Tobias Rivertz planar og teikningar for nybygg for Det Norske Teatret i Kristian IV g. 4 i Kristiania. Teatersalen skal ha plass til 750 gjester (sjå 191419181985).

14.12. annonserer Alb. Cammermeyers Forlag i Aftenposten og fleire andre aviser for debutboka Himmelvarden av Olav Aukrust. 

Det Norske Bibelselskap ønskjer ikkje å stå for ei landsmålsutgåve av heile Bibelen, og Studentmållaget i Oslo set ned ei bibelnemnd for å gjere arbeidet sjølv (sjå 1921).

Som det første offentlege landsgymnaset opnar Voss offentlege landsgymnas. Sidan 1910 har det vore private gymnasklassar på Voss og i Volda (sjå 1912).


Sist oppdatert: 11.03.2020