Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1918

5.1. vedtektsfestar årsmøtet i Noregs Mållag at alle lagsbruk, til dømes bondeheimar og kaffistover, skal betale 5 prosent av overskotet etter skatt kvart år i lagsbruksskatt og -avgift til Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag, alt etter kven som eig lagsbruket. Lagsbruk som er eigde av begge organisasjonane, betaler 2,5 prosent til begge. 

29.6. vedtek årsmøtet i Noregs Ungdomslag mot ei røyst ei frivillig ordning med lagsbruksskatt, svarande til den som Noregs Mållag vedtektsfesta 5.1. same året. Etter få år utgjer denne lagsbruksskatten kring 60 prosent av inntektene til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. 

30.7. avsluttar Odelstinget ein fleire dagars debatt om nye namn på administrative einingar etter at eit utsetjingsframlegg blei forkasta med 54 mot 33 røyster. «Bispedøme» blir samrøystes vedteke som nytt namn for «stift», «fylke» blir vedteke mot 15 røyster for «amt», og med 47 mot 33 røyster kjem «fylkesmann» i staden for «amtmann». Ti av dei nye fylkesnamna blir vedtekne samrøystes. Resten av vedtaka blir gjorde mot mindretal frå 4 til 37 røyster (sjå 1924).

I juni vedtek Stortinget å løyve 500 000 kr til nybygg for Det Norske Teatret, etter ei første løyving på 300 000 kr i 1916. Det Norske Teatret skipar L/L Teatergarden og plasserer pengane der. Ved utgangen av 1919 rår selskapet over 961 000 kr i byggjekapital (sjå 191419161985).

Noregs Ungdomslag lyser ut manuskripttevling for skodespel for amatørteater og set i gang serien Skodespel i ungdomslaga. Fram til 1940 kjem det ut 41 titlar.

Erik Gunleikson gir ut første nummeret av bladet Ung-Norig i Risør. Bladet går inn i 1936. Som vedlegg til bladet følgjer opptrykk av eldre bøker på dialekt og landsmål, under namnet Gamle norskmaalsskrifter. Første tilleggsbok er Heimattkomsten av Tomas Rosing de Stockfleth frå 1798.

Staten kjøper Eidsvoll folkehøgskule for å etablere landsgymnas. Østlandsk reisning krev at dette gymnaset ikkje skal bruke landsmål som hovudmål, men austlandsmålet og den nye bokmålsrettskrivinga. Først fem år seinare blir det ro om saka.


Sist oppdatert: 11.03.2020