Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1919

3.1.1919 skiftar avisa Søndhordland på Leirvik namn til Sunnhordland og går over til å bli redigert på nynorsk, med Lars Hjelle som faktisk redaktør. Avisa har då kome ut sidan 1.5.1902.
10.1.1919 kjem første nummeret av Unge Agder ut i Kristiansand med Einar Iveland som redaktør. Siste nummeret kjem 1.10.1940. 
2.4. gjer statsminister Gunnar Knudsen det klart at regjeringa stiller kabinettsspørsmål på tillit til kyrkjeminister Jørgen Løvlands handsaming av framlegget til ny rettskriving to år tidlegare.
 
5.4. og 7.4. stadfestar Stortinget 1917-reforma i rettskrivinga etter ein interpellasjon frå Carl Joachim Hambro om å annullere denne. Debatten blir det kraftigaste parlamentariske oppgjeret om norsk språkpolitikk i Stortinget. Med dobbeltrøysta til stortingspresident Anders Buen (Ap) fell eit framlegg om å utsetje den endelege handsaminga.
 
3.7.1919 kjem første nummeret av Firda Folkeblad ut i Florø med David Gjerme som redaktør. Avisa er eit framhald av Nordre Bergenhus Folketidende og kjem ut under eit anna namn 1942–45 (sjå 1942). Avisa går inn i 1992.
27.7 vedtek Norsk Bladmannalag å opprette Bladmannaskulen med Hans Aarnes som styrar. Dette er den første journalistutdanninga i landet Styret har første møtet to dagar etter. I 1921 går drifta over til å vere brevskule, og institusjonen skiftar seinare namn til Framskulane og Fram Brevskule.
 
1.9.1919 kjem første nummeret av Agder Tidend ut i Kristiansand med Ivar Høvik som redaktør. Siste nummeret kjem 7.11.1963.
 
15.9. opnar Norsk Pressekontor i Oslo med Daniel Helset som styrar. Bak dette tiltaket står Norskt Bladmannalag i samarbeid med Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Kontoret endrar i 1928 namn til Norsk Bladkontor. Helset held det iallfall gåande til 1958.
 
Alf Torp gir ut Nynorsk etymologisk ordbok på H. Aschehoug & Co.


Sist oppdatert: 28.08.2014