Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1920

9.4. vedtek Alversund & Manger Dampskipslag med 40 mot 26 røyster at landsmål snarast råd skal bli administrasjonsmålet i selskapet. Få veker seinare kjem sommarrutene i den nye målforma.
 
31.5. vedtek årsmøtet i Indre Nordhordlands Eimbaatlag med 60 mot 19 røyster at landsmål skal bli brukt mest mogleg som administrasjonsmål i selskapet.
 
7.6. vedtek årsmøtet i Hardanger-Sunnhordlandske Dampskipselskap med 218 mot 195 røyster å jamstelle dei to målformene. Mindretalet vil ha landsmål som administrasjonsspråk. Det tek lang tid før vedtaket blir sett ut i livet (sjå 1929,1949).
 
12.7.1920 kjem første nummeret av Fjordabladet ut på Nordfjordeid med Jens Nederhagen som redaktør. Avisa er eit framhald av Fjordenes Blad som har kome ut frå 1874 og som no får nytt namn og nytt redaksjonsspråk.
 
19.7. blir Bondepartiet skipa på landsmøtet til Landsmandsforbundet i Kristiansand. Med 356 mot 9 røyster vedtek landsmøtet ”vern om alt norsk i sed og skik og sprog bl.a. ved paa grundlag av likestilling mellem vore to maal, at fortsætte arbeidet for et fælles norsk maal i landet”.
 
27.9. melder Gula Tidend at Fylkesbaatarne i Sogn og Fjordane har gått over til å prente båtrutene sine på nynorsk.
 
8.10. godkjenner Kyrkjedepartementet ein ny liturgi for kyrkja, utforma av Bernt A. Støylen (sjå 1916).
 
8.10. godkjenner Kyrkjedepartementet den reviderte utgåva av Landstads salmebok frå 1869 (sjå 1869). Boka inneheld no 709 salmar på riksmål og 155 på landsmål. Utvalet vekkjer sterke reaksjonar, og ein komité med skiftande leiarar arbeider med saka i fleire år (sjå 1920).
 
BUL Oslo skipar Nynorsk Millomskule i Kristiania. Skulen blir nedlagd i 1924.
 
Torleiv Hannaas gir ut første årgangen av Norsk Aarbok. Siste utgåva kjem i 1939.
 
Knut Liestøl og Moltke Moe gir ut Norske folkevisor fra millomalderen på Jacob Dybwads Forlag.
 
Som den første i landet set Leiv Heggstad i gang innsamling av stadnamn, på Voss. Skuleelevar samlar inn namna, og både spørjeskjema og rettleiing er skrivne på dialekt: ”Skriv upp her adle novnæ so du veit pao brukjæ dekans! Spyr gamle folk og! Skriv novnæ so du segje dei! E da nokko te fortelja, so skriv da og!”
 
Etter at det til no har vore dei lokale skulestyra som har avgjort målform i skulekrinsane, fastset Kyrkjedepartementet at dei røysteføre i kvar krins skal avgjere målforma ved røysting.


Sist oppdatert: 20.08.2014