Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1922

2.2.1922 kjem første nummeret av Austland ut på Lillehammer med Aksel Hattestad som redaktør. Avisa er eit framhald av Bonden (sjå 1909). Siste nummeret kjem 28.7.1965. 
 
8.2. blir for første gong ideen om eit målakademi nemnd på eit møte i Studentmållaget i Oslo (sjå 1928).
 
8.5. spør Nils Finne (V) etter lærebøker på landsmål til den militære opplæringa. Statsråden svarar at løyvingane er for små.
 
6.6. sender hovudstyret i NSB ut skilt, faste oppslag og annan informasjon til dei reisande på Dovrebanen frå Dombås til Støren på landsmål, med påbod om at materialet skal setjast opp.
 
12.6. blir Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag samde om å skipe Noregs Boklag (sjå 1985).
 
Klara Semb gir ut handboka Norske folkedansar, som seinare er komne i ei rekkje nye opplag og utgåver.


Sist oppdatert: 20.08.2014