Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1923

3.5. blir Kaare Fostervoll med 205 mot 195 røyster vald til formann for det første og hittil einaste nynorskstyret i Det norske Studentersamfund i Oslo, i eit samarbeid mellom Studentmållaget og Mot Dag.

14.5. fastset Arbeidsdepartementet føresegner for bruk av landsmål og riksmål i informasjon, oppslag og skilt i NSB.

20.5. vedtek Poststyret retningslinjer for målform i oppslag  på postkontora.

3.7. legg ruteskipet Hardangerfjord frå kai i Bergen med 179 medlemer av Noregs Ungdomslag om bord. Med Trondheim som viktig stoppestad går dette såkalla måltoket tur/retur Nordkapp, og skipet er tilbake i Bergen 16.7. 

20.7. går det ut skriv frå Postverket med påbod om at postmeistrane skal leggje spørsmålet om målform fram for kommunestyra. Dette er den første offentlege røystinga om målbruk i offentleg forvaltning (sjå 1924).

1.8. melder Den 17de Mai at studentane no kan få det akademiske borgarbrevet på landsmål, omsett av Oluf Kolsrud (sjå 1917).

14.8. skriv Noregs Mållag til Noregs Bank og krev at banken ”no tek til med å prenta og gjeva ut pengesetlar med innskrift på norsk mål” (sjå 1985).

28.9.1923 kjem første nummeret av Fjordaposten ut i Bergen med Albert Joleik som redaktør. Siste nummeret kjem 4.4.1940. 

Om hausten gir Studentmållaget i Oslo ut første nummer av Fram i samarbeid med Mot Dag, med Olav Dalgard som første redaktøren. Bladet går inn i 1929.

Tarjei Vesaas debuterer med romanen Menneskebonn på Olaf Norlis Forlag.

Leif Halse debuterer med barneboka Ulv. Forteljingar frå idrettslivet på Olaf Norlis Forlag.

Gula Tidend byrjar å gi ut skjema på landsmål.

Per Steenberg toneset diktet ”Å leva det er å elska” av Anders Vassbotn frå 1893 i ein konkurranse. Tonen blir prenta i Koralbok for den norske kirke i 1926.


Sist oppdatert: 16.07.2018