Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1924

15.2. godkjenner Kyrkjedepartementet endeleg den reviderte utgåva av Landstads salmebok frå 1869. Boka inneheld no 686 salmar på riksmål og 200 på landsmål (sjå 1918).
 
22.3. melder Den 17de Mai at 563 av 725 kommunar har svara på spørsmålet om målform på oppslag m.m. frå Postverket (sjå 1923). 228 kommunar vil ha materiell berre på landsmål, 222 berre på bokmål og 97 på begge. 16 kommunar ønskjer ikkje meine noko om saka. Kommunar som vil ha materiell på begge målformer, får i praksis alt på bokmål.
 
30.6. vedtek Odelstinget med 81 mot 23 røyster at Kristiania skal skifte namn til Oslo. Grunnlaget var eit privat lovframlegg frå Venstre-representantane Knut Markhus, Ivar Tveiten og Anders Vassbotn. 4.7. gjer Lagtinget same vedtaket med 21 mot 14 røyster. I Kristiania bystyre røystar 42 for namneendring og 42 mot, og med ordførarens dobbelrøyst blir det fleirtal mot namneendring (sjå 1925).
1.7.1924 kjem første nummeret av Firda Tidend ut på Sandane med Johan Lid som redaktør.
 
1.9. går det ut skriv frå statsråd Ivar Tveiten til dei tilsette i Kyrkjedepartementet om at dei som skriv på landsmål til departementet, også skal få svar på landsmål. Fleire departement følgjer etter (sjå 1921).
 
Den første telegramblanketten på landsmål blir utgitt av Telegrafverket.
 
Byggjelaget i BUL LL skriv kontrakt med Aker kommune om kjøp av 130 mål på Smestad for 183 000 kroner. 63 tomter blir lagde ut for sal, og den nynorske Husebygrenda tek form. Den første innflyttaren er Daniel Helset (sjå 1918).
 
Barnebladet Magne kjem ut med parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Bladet har kome ut sidan 1894 med Alfred Janson som første redaktør, og med kona Josephine Engh som redaktør 1904–46. Ordninga med nynorsk parallellutgåve varer ved til 1976.
 
Kyrkjedepartementet godkjenner Landstads reviderte salmebok for bruk. Boka inneheld 200 salmar på landsmål og 686 på bokmål. Førsteutgåva var blitt godkjend 1869.


Sist oppdatert: 20.08.2014