Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1926

8.2. blir Vestlandsbanken skipa i Bergen med Olav Vevle som første formannen. I føremålsparagrafen om å bruke landsmål i drifta heiter det at alle luteigarane må vere samde for at den paragrafen skal kunne endrast. Banken opnar for publikum 26.6. same året.

19.3.1926 kjem første nummeret av Ørsta Avis ut i Ørsta med Sigurd Bergmann som redaktør. Avisa er eit framhald av Sunnmøre (sjå 1921). Siste nummeret kjem 11.1.1941. 

20.5. kjem første nummeret av Orkmannen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem 11.1.1945 (sjå 1891, 1898, 1919). 

5.6. kjem første nummeret av Ryfylke ut i Sauda med Johan Veka som redaktør.

21.8. kjem første nummeret av Sogns Avis ut i Vik i Sogn med Thormod Liljedahl som redaktør. Siste nummeret kjem 1.11.1954.  

1.10. fastset regjeringa i kongeleg resolusjon at Nynorsk Salmebok skal få eit tillegg på 200 bokmålssalmar frå Landstads salmebok etter sterke reaksjonar på godkjenninga året før frå landsmøtet i presteforeininga (sjå 1925). Samstundes fastset regjeringa at Blix-salmane kan brukast i kyrkjene over heile landet.

8.10. blir Østlandsk Reisning omskipa til den meir språknøytrale Østlandsk Ungdomsfylking (sjå 1916).


Sist oppdatert: 10.08.2020