Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1927

1.1. skiftar Fredrikshald namn til Halden.

7.1. sender Bondeungdomslaget i Nidaros søknad til regjeringa om at Trondhjem skal heite Nidaros (sjå 1930).

23.3. kjem første nummeret av Fylket ut i Molde med Ola Fladmark som redaktør. Avisa går inn i 2000.

25.4. godkjenner Kyrkjedepartementet det endelege utvalet av bokmålssalmar i den reviderte utgåva av Nynorsk Salmebok.

8.5. blir Arbeidarlaget Dølen skipa i Larvik. Laget gir ut seks nummer av månadsbladet Dølen frå oktober 1927 med Ingjald Nordstad som redaktør.

3.6. gir H. Aschehoug & Co ut Engelsk-norsk ordbok av Ola Raknes. Dette er den første store framandspråklege ordboka for nynorskbrukarar. Boka blir gitt ut med 20 000 kr i tilskot frå Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo.

5.5. held psykologen og ordbokforfattaren Ola Raknes eit foredrag på årsmøtet i Det Norske Samlaget der han teke til orde for ”ei heilsleg norsk idiom- og synonym-ordbok”. Årsmøtet vedtek å søkje staten om eit første tilskot på 75 000 kr til arbeidet med ei slik norsk-norsk ordbok. Kyrkjedepartementet løyver dei første midlane våren 1930 til det som blir Norsk Ordbok (sjå 1930 og 1950).

8.9. sender Det Norske Samlaget ved formann Gustav Indrebø den første søknaden om offentlege midlar til «ei ordbok yver det nynorske målet med ordtydingar på norsk». Søknaden er på 75 000 kroner fordelt over åtte år. 

Torvald Tu debuterer med barneboka Signe Solmøy og andre sogor. Eventyr på Olaf Norlis Forlag.


Sist oppdatert: 06.06.2017