Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1929

21.1.1929 kjem første nummeret av Vikebladet ut i Ulsteinvik med Johs. H. Thorkildsen og Erling Bjørnsen som redaktørar. Avisa går i 1989 inn i Vikebladet Vestposten.

1.2. vedtek Odelstinget i lov om lærarskulen med 45 mot 34 røyster at ”nynorsk” og ”bokmål” skal vere dei offisielle namna på målformene. Etter fleire voteringar i Lagtinget 21.2. blir odelstingvedtaket ståande.

8.2. fastset regjeringa Mowinckel at stadnamna på offisielle kart skal følgje rettskrivinga for nynorsk. Forskrifter kjem i kongeleg resolusjon av 28.4.1933 (sjå 19571990, 2004).

3.4.1929 kjem første nummeret av Horda Tidend ut på Voss. Avisa går inn i 1989.

31.5. vedtek Odelstinget med 57 mot 54 røyster at Trondhjem skal heite Nidaros. Namnedebatten har vart i fleire år, og ved ei folkerøysting i byen har 17 163 røysta for Trondhjem, medan 1508 har røysta for Nidaros (sjå 1930).  

31.5. vedtek årsmøtet i Hardanger-Sunnhordlandske Dampskibselskap med 239 mot 230 røyster at nynorsk skal vere administrasjonsmålet i selskapet frå 1.1.1930.

12.9. fullfører Torleiv Hannaas arbeidet med «Plan for ei nynorsk ordbok». Det skal bli «ei vitskapleg ordbok yver heile det nynorske målet» på inntil tre band og til saman om lag 3000 sider. Med ei nemnd på tre personar meiner han arbeidet kan gjerast på ti år med ein samla kostnad på 100 000 kroner. Arbeidsplanen blir grunnlaget for søknad frå Det Norske Samlaget om statlege midlar til arbeidet. 

4.11.1929 kjem første nummeret av Fjordingen ut i Stryn med Torleiv Bergmann som redaktør.

Åsta Holth debuterer med skodespelet I Luråsen i skodespelserien frå Noregs Ungdomslag.

Halldis Moren (Vesaas) debuterer med diktsamlinga Harpe og dolk på H. Aschehoug & Co.

Jakob Sande debuterer med diktsamlinga Svarte næter på Gyldendal Norsk Forlag.

Nikolaus Gjelsvik gir ut Juridisk ordliste i kommisjon hos Noregs Boklag.

Noregs Boklag gir ut første boka i den nye serien Nynorsk romanbibliotek, islandske Fridrik Brekkans Brørne på grunn, omsett av Inge Krokann.


Sist oppdatert: 06.06.2017