Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1930

1.1. skiftar Trondhjem namn til Nidaros (sjå 1929).

5.2. vedtek Odelstinget med 57 mot 55 røyster at Nidaros likevel skal heite Trondhjem.

10.2. avviser Lagtinget vedtaket i Odelstinget frå 5.2. om bynamnet Trondhjem.

18.2. stadfestar Odelstinget vedtaket frå 5.2. om bynamnet Trondhjem. På ny avviser Lagtinget vedtaket.

28.2. handsamar Stortinget spørsmålet om bynamnet Trondhjem i plenum. No trengst 2/3 fleirtal, og odelstingsvedtaket blir vedteke med berre 75 mot 74 røyster. Byen blir dermed heitande Nidaros (sjå 1931).

Om våren løyver Kyrkjedepartementet dei første midlane som gjer det mogleg å starte arbeidet med Norsk Ordbok, første året under leiing av Leiv Heggstad.

15.4. er eit nytt opplag av Bibelen på landsmål i ordinært sal. Det første opplaget var på 50 000 eksemplar, og det nye opplaget er like stort. Bibelen på landsmål kan no kjøpast i seks ulike utføringar og kostar frå kr 8,50 til kr 20,00 (sjå 1921 og 1935).

26.5. vedtek Odelstinget etter fleire voteringar lov om målbruk i offentleg teneste. Lagtinget avviser vedtaket, og saka kjem opp att i Odelstinget 2.6. Med 54  mot 52 røyster held Odelstinget fast ved sitt, og 5.6. sluttar Lagtinget seg samrøystes til lovvedtaket. Lova gjeld frå 1.1.1931 og slår fast at alle tilsette som er fødde etter 1.1.1905, har plikt til å bruke både nynorsk og bokmål i si skriftlege sakshandsaming (sjå 19321980).

29.6. er Kronprins Olav stemnetalar ved Noregs Ungdomslags stemne på Stiklestad. Han held talen sin på nynorsk (sjå 1946).

Engvald Bakkan debuterer under namnet Ingvald Salveson med barneboka Svarteper og dei andre på Noregs Boklag. 


Sist oppdatert: 10.08.2020