Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1931

6.3. skiftar Nidaros namn til Trondheim (sjå 1930).
 
9.3. kl.11.15 held biskop Bernt Støylen den første andakta på nynorsk i radio, frå Oslo kringkaster.
 
30.6. kjem første nummeret av Hordabladet ut i Bergen med Karl Sjurseth som redaktør. Siste nummeret kjem 14.4.1932.
5.12.kjem første nummeret av Hardanger Bygdeblad ut i Norheimsund med Peder Simonsen Eikrem som redaktør. Siste nummeret kjem 14.1.1967.
 
Jul i Sunnfjord prentar ”Julekveld” (Det lyser i stille grenser) av Jakob Sande. Lars Søraas lagar tonen i 1948.


Sist oppdatert: 28.08.2014