Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1932

11.1. framfører kyrkje- og undervisningsminister Nils Trædal talen om rikets tilstand statsråd på vegner av regjeringa Kolstad, for første gong på nynorsk. Kvart år sidan den tid har det vore skikken at den yngste statsråden i regjeringa framfører denne talen i Stortinget, på nynorsk.
 
29.1. fastset regjeringa føresegner for lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 1930).
 
11.4.1932 kjem første nummeret av Sunnmøre Tidend ut i Ålesund med Ola Rotevatn som redaktør. Avisa er eit framhald av Det nye Møre Tidend. Siste nummeret kjem 11.9.1940.. 
9.11.1932 kjem første prøvenummeret av avisa Sogn ut på Leikanger med Ivar Tveit som redaktør. Siste nummeret kjem 17.4.1936. Avisa held fram som Sogn og Fjordane. 
 
Henrik Rytter gjennomfører ein omsetjingsmaraton utan sidestykke i norsk litteratur. Dette året og det neste gir Det Norske Samlaget ut ti band med hans gjendiktingar av William Shakespeares skodespel.


Sist oppdatert: 27.08.2014