Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1933

1.1. byrjar Vermeldinga for Vestlandet å bruke nynorsk i NRK, til sterke protestar.
3.1. talar Gustav Indrebø på årsmøtet i Vestlandske Mållag i Bergen. I talen kjem han med sterke klagemål mot to personar han meiner har gjort grove brot mot mållova av 1930, telegrafinspektør Schrøder-Nielsen og skattefut Svenke. Dei to krev offentleg tiltale mot Indrebø, og riksadvokaten reiser mortifikasjons- og straffesøksmål (sjå 1934).
5.1.1933 kjem første nummeret av Møre Bygdeblad ut i Brattvåg med L. Hatlehol som redaktør, etter prøvenummer 10.12.1932. Siste nummeret kjem 12.4.1940.

4.3. opnar Komediateatret i Bergen dørene med folkekomedien Bertels gjenvordigheter av Torvald Tu. Administrasjonsspråket er bokmål, men svært mykje av repertoaret blir spelt på dialekt. Komediateatret set opp 180 produksjonar før det er slutt våren 1964.

22.5.1933 kjem første nummeret av Sunnmøringen ut i Sykkylven med Alb. Hovde som redaktør. Siste nummeret kjem 15.3.1934.
20.6. kjem første ordinære nummer av Nynorsk Vikeblad ut (sjå 1933). Bladet samarbeider med Illustrert Familieblad til 1940, og blir så drive som eineføretak av Hans Aarnes til 1954.
24.6. blir lov om NRK sanksjonert. I lova heiter det at bokmål og nynorsk skal vere jamstilte i programtenesta.
1.7. blir Norsk Rikskringkasting skipa.
18.7.1933 kjem første nummeret av Nordfjord Folkeblad ut i Måløy med Per Osdal som redaktør. Siste nummeret kjem 5.1.1952.
26.7. gir Noregs Boklag ut Tysk-norsk ordbok av J. Fr. Voss. Initiativet til dette verket tok Sigurd Blehr og J. F. Voss som studentar i 1908. Dette er den første store ordboka frå tysk til nynorsk (sjå 1927).
6.9.1933 kjem første nummeret av Telemark Dagblad ut i Skien med Reidar Svare som redaktør. Avisa er eit framhald frå Norig, går inn 8.3.1934 og held fram som Noreg, som kjem med siste nummeret 28.5.1935.
15.9.1933 kjem første nummeret av Sunnfjord Tidend ut i Førde med Nils Flom som redaktør. Siste nummeret kjem 128.3.1935.
7.11. vedtek riksprogramrådet for NRK i ei fråsegn at NRK bør følgje den regelen at ”begge målformer så langt råd er, kan bli representert i programmene”.
I desember gir Fonna Forlag ut eit prøvenummer av Nynorsk Vikeblad i 50 000 eksemplar med Hans Aarnes som første redaktør. Bladet samarbeider med Illustrert Familieblad til 1940, og blir så drive som eineføretak av Hans Aarnes til 1954.
Bjarne Slapgard debuterer med biografien Sven Aarrestad. Ein folkeførar på Globus-forlaget.
J. Fr. Voss gir ut Tysk-norsk ordbok på Noregs Boklag.


Sist oppdatert: 05.01.2016