Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1934

1.1. tek Olav Midttun til som riksprogramsjef i Norsk Rikskringkasting; han blir avsett av NS 28.9.1940.
 
1.2. tek Karl C. Lyche til som første nynorsktalande hallomannen i NRK.
 
15.3. tek rettssaka mot Gustav Indrebø til (sjå 1933). Dommen fell 26.3.: Indrebø blir dømd til å betale ei bot på 600 kroner og dekkje 1000 kroner av sakskostnadene.
 
28.4. forkastar Høgsterett ein appell frå Indrebø i rettssaka. Landet rundt blir det samla inn pengar til Indrebø, som set midlane i eit fond som skal brukast til arbeidet for nynorsk skulemål.
 
26.12. er det premiere på den første spelefilmen med nynorsk tale, Liv etter forteljinga ”Liv” av Kristofer Janson, med manus og regi ved Rasmus Breistein og med Tordis Maurstad og Alfred Maurstad i hovudrollene. Det er berre tre år sidan den første norske lydfilmen blei laga. Det var til no også laga fleire stumfilmar bygde over nynorske romanar og forteljingar. Eksteriørscenene er spelt inn i Vågå.
 
Lars Berg debuterer med romanen Men det var det ingen som visste på Tiden Norsk Forlag.
 
Aslaug Vaa debuterer med diktsamlinga Nord i leite på Gyldendal Norsk Forlag.
 
Nasjonal Samling tek solkorset til partiemblem, og Noregs Ungdomslag tek i staden i bruk pila som lagsmerke, teikna av Carsten Lien.
 
Medisinarmållaget EIR blir skipa.


Sist oppdatert: 22.10.2009