Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1935

11.1.1935 kjem første nummeret av Vestlandsnytt ut i Fosnavåg med Olav Aurvoll som redaktør.
11.2. vedtek Odelstinget med 56 mot 42 røyster i lov om høgare allmennskular, dvs. realskule og gymnas, at ”i norsk i realskolen skal elevene få oplæring også i den målform som ikke er skolens hovudmål”. Dette inneber undervisning i skriftleg sidemål i realskulen, slik det har vore i gymnaset sidan 1912 (sjå 1907).
 
15.3. kjem siste nummeret av Den 17de Mai (sjå 1894).
 
14.6.1935 kjem første nummeret av Møre-Nytt ut i Ørsta med Alf Bergmann som redaktør.
 
24.9. kjem første nummeret av Norsk Tidend ut med Olav Rytter som redaktør. Utgivar er Nynorsk Dagblad L/L (sjå 1962).
 
31.12. melder Norsk Tidend at Bibelen på landsmål på ny er i ferd med å bli utseld. Dermed er nær 100 000 eksemplar selde sidan Bibelen blei utgitt i 1921. Eit tredje opplag blir planlagt for utgiving i 1936, men i staden kjem ei revidert utgåve i 1938 (sjå 1921, 1930 og 1938).


Sist oppdatert: 27.08.2014