Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1936

24.4.1936 kjem første nummeret av Sogn og Fjordane ut på Hermansverk med Ivar Tveit som redaktør. Avisa er eit framhald av Sogn og går inn i 1993.
10.8.1936 kjem første nummeret av Romsdal Bondeblad ut i Molde med Harald E. Bø som redaktør. Siste nummeret kjem 8.4.1937.
2.10. gir Jon Fatnes ut første nummer av Hallingdølen på Ål i Hallingdal.
 
20.10. blir det første møtet i Norsk Målførearkiv halde ved Universitetet i Oslo. Sigurd Kolsrud hadde alt i 1914 nemnt tanken om å få skipa eit slikt arkiv, no er dei første midlane løyvde, og han sit i det første styret saman med Magnus Olsen og Didrik Arup Seip. I første omgang disponerer arkivet rom i Akersgt. 42.
20.11.1936 kjem første nummeret av Gjallarhorn ut i Førde. Siste nummeret kjem
24.4.1940.
 
Noregs Lydarlag blir skipa som eit særlag i Noregs Mållag, ein opptakt til Kringkastingsringen (sjå 1955).


Sist oppdatert: 27.08.2014