Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1937

31.3. kjem første nummeret av Noreg ut i Oslo med Einar Breidsvoll som redaktør. Siste nummeret kjem 4.5.1944.

2.6. gir Åse Gruda Skard ut si første bok, Pedagogisk psykologi, på J.W. Cappelens forlag. Mora Karen Grude Koht er medforfattar.

25.6. drøftar Stortinget framlegget til ny rettskrivingsnormal, den såkalla 1938-rettskrivinga. Då Kirkedepartementet i 1913 oppnemnde den nemnda som forma framlegget til ny rettskriving i 1917, heitte det i mandatet at ein «komitéen maa altid ha for øie at den skal aapne veien for en utvikling frem imot national samling paa grundlag av folkets virkelige talesprog». Først no blir det kjent kven som stod bak den formuleringa. I ordskiftet presiserer utanriksminister Halvdan Koht at det var han som skreiv setninga i 1913 og med det fekk erstatta den opphavlege formuleringa om «det dannede talesprog» (sjå 1917, 1959, 2012).

18.11. debuterer Ingjald Bolstad med diktsamlinga Frostrosor på H. Aschehoug & Co.

23.11. debuterer Ragnar Solberg med Is-gud. Dikt på Dovre-mål på H. Aschehoug & Co. 

16.12. kjem første nummeret av Nordhordland ut på Dale med Daniel Liset som redaktør. Siste nummeret kjem 20.2.1942.


Sist oppdatert: 07.08.2020