Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1942

23.2. tek Nasjonal Samling over Noregs Ungdomslag ved å leggje organisasjonen inn under Kultur- og folkeopplysningsdepartementet og setje inn nytt styre. Som svar blir Sivleringen skipa.
 
17.5. blir Vestmannalaget formelt oppløyst for å hindre at laget skal bli lagt inn under NS, men møteverksemda går vidare.
 
13.6. kunngjer NS-regjeringa på ny at den rettskrivinga skal innførast, no frå 1.7. Kunngjeringa er underskriven Sigvat Heggstad og J. Fr. Voss. Målet er ”ett høinorsk høvisk mål”. For nynorsk skal i-målet vere obligatorisk i sentraladministrasjonen og i lærebøker for den høgre skulen og universitetet, mens i- og a-mål er jamstelt i folke- og ungdomsskule. Den nye rettskrivinga er obligatorisk for offentleg teneste, presse og omsett litteratur, også for nynorske publikasjonar, men gjeld ikkje for gjendiktingar, poesi og prosa frå skjønnlitterære forfattarar.
 
25.11.1942 kjem første nummeret av Folkebladet for Sogn og Fjordane ut i Florø med Kristian Pålsrud som redaktør. Avisa er eit framhald av Firda Folkeblad. Siste nummeret kjem 3.5.1945.
 
Etter delutgiving sidan 1939 er no Fransk-norsk ordbok av Ola Raknes komplett på Noregs Boklag.


Sist oppdatert: 27.08.2014