Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1946

3.1. kjem første nummeret av Dølabladet ut på Otta med Andres By som redaktør. Avisa er eit framhald av Dølenes Blad og skiftar no både namn og redaksjonsspråk. Siste nummeret kjem 28.2.1950.
14.2. kjem første nummeret av Sykkylvsbladet ut i Sykkylven med Johan Drabløs og Øystein Eliassen som redaktørar.
16.2. kjem første nummeret av Songa ut i Lunde med S. Liestøl som redaktør. Siste nummeret kjem 30.6.1950. Avisa held fram som Ulefoss Avis.
8.3. kjem første nummeret av Haus Bygdeblad ut på Haus med Johs. Revheim som redaktør. Siste nummeret kjem 27.2.1953. Avisa held fram som Sambygdingen (sjå 1953).
7.7. held kronprins Olav på ny stemnetale for Noregs Ungdomslag på Stiklestad på nynorsk (sjå 1930).
 
4.8. opnar riksprogramsjef Olav Midttun den nye museumsbygningen i Aasen-tunet (sjå 1938, 1939, 1940).
4.10. kjem første nummeret av Sulaposten ut i Langevåg med Tor Bergmann og Ansgar Slagnes som redaktørar.
 
21.11. blir Venner av Det Norske Teatret skipa med Lars Reinton som første formannen.
 
Olav H. Hauge debuterer med diktsamlinga Glør i oska på Noregs Boklag.
 
Marius Evjeberg skipar Marius Evjebergs Forlag.


Sist oppdatert: 28.08.2014