Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1948

2.3. har den første nynorskomsetjinga av eit Ibsen-stykke, Peer Gynt, premiere på Det Norske Teatret med Carsten Winger i hovudrolla. To gonger under premieren prøver 39 studentar å avbryte framsyninga med pipekonsert på blokkfløyter. Siste gongen er i galehuset i Egypt i 4. akt. Då snur Peer seg mot galleriet med replikken: «dersom De, lik andre standsmenn / vandra ut til gagn for landsmenn –» (sjå 1913, 2005).

31.7. er første heftet i første bandet av Norsk Allkunnebok trykt. Utgivaren er Fonna Forlag, og Arnulv Sudmann er hovudredaktør. 235 medarbeidarar er med og skriv første bandet, og dette er det første leksikonet i Noreg med signerte artiklar. Det skal kome eit nytt hefte kvar månad, og første bandet er ferdig trykt 17.10.1949. Verket er komplett i 10 band i 1966. Siste bandet kjem ut takka vere stor velvilje frå Vestlandsbanken og tilskot frå Norsk kulturråd. Det var Norsk Bladmannalag som i 1918 hadde teke initiativ til dette verket. 

13.10. blir Norsk Bygdekino A/S skipa, med Noregs Ungdomslag som ein av skiparane.         

27.11. lanserer H. Aschehoug & Co. debutboka av Knut Hauge, romanen Krossen under Torfinshø

13.12. kjem første nummeret av Firdaposten ut i Florø med Guttorm Hansen som redaktør.

LL Boktrykk blir skipa i Bergen.

Lars Søraas d.y. publiserer tonen til julediktet ”Det lyser i stille grender” av Jakob Sande (sjå 1931).


Sist oppdatert: 05.08.2020