Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1949

26.3. blir det første lagsbruksmøtet halde for kaffistover og bondeheimar. Seinare blir ei lagsbruksnemnd vald.
 
7.6. har Det Norske Teatret premiere på operetten Oklahoma! av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II. Dette blir grunnlaget for mange seinare musikalar, som blir eit varemerke for teateret og nynorsk scenekunst.
 
24.6.1949 kjem første nummeret av Hardanger Folkeblad ut i Odda med Leif Granli som redaktør.
26.8. vedtek styret i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap samrøystes at selskapet frå no av berre skal annonsere på nynorsk (sjå 1920, 1929).
24.10. kjem første nummeret av Jærbladet ut på Bryne med Jon Fatnes som redaktør.
 
17.12. melder Norsk Tidend at Norsk Skjemaforlag LL er skipa i Bergen med hovudføremål å gi ut skjema på nynorsk. Bak tiltaket står 78 kommunar saman med fleire organisasjonar og enkeltpersonar. Bernh. Rønhovde har vore leiar i arbeidsnemnda som kom i gang hausten 1947.


Sist oppdatert: 28.08.2014