Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1950

29.9. tek Hallvard Framnes på årsmøtet i Kommunale Kinematografers Landsforbund opp spørsmålet om teksting av spelefilmar på nynorsk. Formann Kr. Aamot stiller seg relativt positivt til tanken.

17.11. kjem første heftet av Norsk Ordbok på Det Norske Samlaget, til hundreårsjubileet for førsteutgåva av Aasens ordbok. Alf Hellevik er hovudredaktør. Første bandet er komplett i 1966 (sjå 2015).

22.12. kjem første nummeret av Askøy Tidend ut på Askøy med Conrad Clausen som redaktør. Avisa går inn i 1984.


Sist oppdatert: 05.01.2016