Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1951

25.1. lanserer Postverket dei tre første nynorske frimerka med namneforma NOREG, og med portrett av Arne Garborg i høve hundreårsdagen hans. Kravet om nynorske frimerke reiste Noregs Mållag i 1923.

9.2. kjem første nummeret av Sunnmøringen ut på Stranda med Gerhard Kjølås som redaktør etter at ei avis med same namnet kom ut 1946–49.

20.4. kjem første nummeret av Bygdanytt ut i Arna med Sigurd Mjeldheim som redaktør.

21.4. kjem Norsk Målsoga av Gustav Indrebø ut posthumt, redigert av Per Hovda og Per Thorson, på John Griegs Boktrykkeri.

13.9. kjem første nummeret av Grenda ut i Rosendal med Olav Aurvoll som redaktør.

24.9. er det premiere på den første spelefilmen med nynorsk tale og tekst, Dei svarte hestane, frå Norsk Film i regi av Hans Jacob Nilsen og Sigval Maartmann-Moe etter boka av Tarjei Vesaas, og med Hans Jacob Nilsen og Eva Sletto i hovudrollene.

9.10. debuterer Arnljot Eggen med diktsamlinga Eld og is på Tiden Norsk Forlag.

24.11. debuterer Arthur Klæbo med essay- og kåserisamlinga Arvesølvet blinkar bak glasdisken på Fabritius & Sønners Forlag.

30.11. omtalar Nordlands Avis lyrikksamlinga Flyg mine fuglar av Astrid Langjord, som debuterer med denne boka på Magnus Evjebergs forlag. Titteldiktet hadde ho på prent i Austland 5.11.1925 under namnet Eldbjørg. 

7.12. blir Foreldreaksjonen mot samnorsk skipa.

13.12. vedtek Stortinget med 95 mot 24 røyster å opprette Norsk språknemnd med 15 representantar for kvar av målformene.

13.12. legg Foreldreaksjonen mot samnorsk fram 92 500 underskrifter ”mot samnorsk”. Underskriftsaksjonen held fram, og 1.6.1953 er det samla inn 407 119 underskrifter. I 1954 går departementet med på at lærebøker med moderate former skal kunne brukast.



Sist oppdatert: 05.08.2020