Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1952

4.4. konstituerer Norsk språknemnd seg med Didrik Arup Seip som første formannen.

20.5. kjem første nummeret av Firdanytt ut på Sandane med Oddvar Gloppestad som redaktør. Etter 13 nummer er det slutt 8.7. same året.

13.10. går Sogningen i Balestrand formelt over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1897. Frå 1957 kjem avisa ut på Leikanger, og frå no av er dette ei rein nynorskavis. Sogningen blir i 1960 slått saman med Sogns Avis og går inn i 1993.

14.10. debuterer Marie Takvam med diktsamlinga Dåp under sju stjerner på Gyldendal Norsk Forlag.

20.11. melder Norsk Tidend at Almanakkforlaget har vedteke å gi ut Den 7de Sans også på nynorsk frå og med 1954. Det er Noregs Ungdomslag som har oppmoda forlaget om å gjere dette (sjå 1911).

28.11. kjem første nummeret av Bruvik ut på Dalekvam med Andreas Arne som redaktør. Avisa går inn i 1975.

Det norske passet blir tilgjengeleg i parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Ordninga blir oppheva 1.4.1955 (sjå 1980).


Sist oppdatert: 05.08.2020