Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1953

I mars gir Bergens Ynglingeforenings Sangforening med dirigent Las Søraas ut ei 78-plate. A-sida er «Jolesong» av Lars Søraas (melodi) og Jakob Sande (tekst). Plata blir laga i 300 eksemplar og er den første innspelinga av «Det lyser i stille grender», som Sande skreiv i 1931.

6.3.1953 kjem første nummeret av Sambygdingen ut på Haus med Magne Haukedal som redaktør. Avisa er eit framhald av Haus Bygdeblad (sjå 1946). Siste nummeret kjem 20.3.1954.

4.7.1953 kjem første nummeret av avisa Tysnes ut på Tysnes med Johannes Heggland ofl. som redaktørar.

11.7. drøftar Stortinget ein interpellasjon om jamstillingsvedtaket frå 1885 frå Anders J. Bøyum. Ordskiftet blir avslutta med ei samrøystes oppmoding frå Stortinget til regjeringa om å få fortgang i arbeidet med språkleg jamstilling i Noreg. 


Sist oppdatert: 05.08.2020