Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1954

12.1.1954 opnar kringkastingssjef Kaare Fostervoll den første prøvesendinga i NRK Fjernsynet.

8.2. gir Torolv Solheim ut første nummeret av tidsskriftet Fossegrimen i Risør. Siste nummeret kjem i 1969.

21.4. vedtek Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag å skipe Samyrkelaget Norsk Barneblad, som skal ta over drifta av Norsk Barneblad. Arne Berg blir vald til første formannen.

30.7.1954 kjem første nummeret av Lifjell ut i Bø i Telemark med Trygve Skarelven som redaktør. Siste nummeret kjem 22.3.1963.

2.11.1954 blir vedtekter for Lagsbruksnemnda vedtekne (sjå 1949).

23.11. debuterer Vidar Sandbeck med diktsamlinga I døragløtten på dialekt på H. Aschehoug & Co.


Sist oppdatert: 05.08.2020