Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1955

29.10. debuterer Marie Heggen med barneboka Eventyrbyen. Viser frå Barnetimen på Det Norske Samlaget.

13.11. kl. 08.35 har husstellærarinne Ingrid Espelid sitt første program «For husmødre» i NRK Radio. Der presenterer ho tre fiskerettar. Året etter leier ho sitt første matprogram i prøvesendingane frå NRK/Fjernsynet, som tok til i 1954. 

1.12. blir Kringkastingsringen for å fremje bruken av nynorsk og dialekt i radio og fjernsyn blir skipa i Oslo med Magne Oftedal som første formannen. Magne Rommetveit har drive i gang den nye organisasjonen saman med Arthur Klæbo, Hartvig Kiran og Magne Skodvin.

3.12. annonserer Fonna Forlag for dei seks første bøkene i ein billigbokserie med omsett triviallitteratur. Første boka er spenningsromanen Svartskjorte av engelskmannen Bruce Graeme, omsett av Ola Straumsheim, seld i 500 000 eksemplar i Storbritannia og føljetong i Nynorsk Vekeblad 1953–54. Meir enn dei seks titlane kjem aldri. 


Sist oppdatert: 06.08.2020