Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1960

20.8. set NRK i gang regulære fjernsynssendingar.

1.9. tek Ole Øverland Gjerde til som bibelomsetjar i Det norske Bibelselskap. Han arbeider med omsetjing av Det gamle testamentet, utgitt som del av Bibelen i 1978 (sjå 19211938).

13.11. debuterer Ingebrigt Davik med barneboka Det hende i Taremareby. Forteljing og viser frå barnetimen på Noregs Boklag. Forteljinga har gått som føljetong i Barnetimen for dei minste same året. 12 viser kjem også ut på plata Det hende i Taremareby frå Philips.


Sist oppdatert: 06.08.2020