Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1962

25.4. noterer Olav H. Hauge at han har fått første prøvenummeret av Dag og Tid. Dette er det første av fire prøvenummer, og Arthur Klæbo har redigert nummeret. Målet er å lage ei god avis på nynorsk (sjå 1963).

27.10. gir Det Norske Samlaget ut første boka i billigbokserien Orion: Ferdaminne av Aasmund Olavsson Vinje. Siste boka, nr. 249, kjem i 1981: Nynorsken i 80-åra, redigert av Olav Hr. Rue.

29.10. vedtek Vestmannalaget med 14 mot 6 røyster å melde seg ut av Noregs Mållag.

Norsk Tidend blir lagsavis for Kringkastingsringen, i 1965 også for Noregs Mållag (sjå 193519751985).


Sist oppdatert: 06.08.2020