Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1964

18.1. kjem Dag og Tid for første gong regelmessig som vekeavis.

31.1. oppnemner regjeringa Gerhardsen den såkalla Vogtkomiteen for å utgreie den språkpolitiske situasjonen. Nynorskmedlemmene er Magnhild Hagelia, Einar Hovdhaugen, Ivar Eskeland og Johs. Aanderaa. Komiteen tek til med arbeidet 15.4. (sjå 19661970).

2.4. blir Riksfondet for nynorsk presse skipa med Hartvig Kiran som formann.

11.7. sender NRK TV «Rævkrok og hallingkast» med 21 år gamle Dag Aanderaa som programleiar. Blant utøvarane er Torgeir Fonnlid, Sigbjørn Bernhoft Osa, Nils letta og Jørgen Tjønnstaul. Denne «Laurdagskveld til sæters» er det første underhaldningsprogrammet på nynorsk i NRK TV. 

11.12. vedtek Stortinget samrøystes å opprette Norsk kulturfond ”til fremme av kunst og kulturvern”. Frå og med 1965 inneber dette ei innkjøpsordning til bibliotek for ny norsk skjønnlitteratur. I retningslinjene for litteraturtiltak heiter det mellom anna at ”den nynorske litteraturen bør støttes ved særskilte tiltak”. Dette fører til eiga støtteordning for nynorsk litteratur frå 1966. 

Tarjei Vesaas får Nordisk Råds litteraturpris for romanen Isslottet, utgitt på Gyldendal Norsk Forlag.


Sist oppdatert: 06.06.2017