Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1965

13.2. syng Per Asplin og Ivar Medaas «Jenteord» med tekst av Lasse Beitan og melodi av Kristian Hauger i den norske finalen i Melodi Grand Prix. Det er første gongen ein song i denne songkonkurransen er på nynorsk. Fem songar er med i finalen, og «Jenteord» kjem på fjerdeplass.

15.2. får Tarjei Vesaas Nordisk Råds litteraturpris for romanen Isslottet, utgitt på Gyldendal Norsk Forlag (sjå 1978 og 2015).

I mars lanserer Den norske Bokklubben si første nynorske hovudbok, Kimen av Tarjei Vesaas.

11.10. blir Ivar Aasen-sambandet skipa i Bergen med Per Thorson som første formann.
2.12.1965 kjem første nummeret av Sogn Dagblad ut i Høyanger med Per Dingsøyr som redaktør. Avisa er eit framhald av Sogn Folkeblad. Siste nummeret kjem 3.5.1997.
Stavanger-gruppa Swing Blues spelar inn Beatles-songen ”She loves you” med nynorsk tekst: ”Ho elskar deg”, gjendikta av Lars Chr. Sande.


Sist oppdatert: 05.07.2017