Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1967

21.10. debuterer Arvid Torgeir Lie med diktsamlinga Under fuglens vengjekross på Gyldendal Norsk Forlag.

25.10. debuterer Knut Ødegård med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda på Noregs Boklag.

27.10. debuterer Paal-Helge Haugen med diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar på Det Norske Samlaget. Før dette har han alt gitt ut to samlingar med gjendiktingar av japansk og kinesisk lyrikk, i 1965 og 1966.

9.11. debuterer Arthur Arntzen med prosaboka Han Oluf på Bjørn Røymerts Forlag. Boka er illustrert av Dagfinn Bakke. Første opplaget er utselt på lanseringsdagen. 

7.12. blir Vestlandske Teaterlag skipa i Bergen etter initiativ frå Per Håland og med Anne Gullestad som første formann. Laget skal drive teater tufta på det vestnorske språket og spreie teaterkunnskap i by og bygd, og kjem særleg til å arbeide med barneteater (sjå 1986). 


Sist oppdatert: 06.08.2020