Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1968

21.1. høgtidar Vestmannalaget 100-årsjubileum i Håkonshallen i Bergen.
 
24.3. er kong Olav 5 gjest når Det Norske Samlaget feirar 100-årsjubileet i Universitetsaulaen i Oslo. 
 
3.4. har Det Norske Teatret premiere på Spelemann på taket med Lasse Kolstad og Sølvi Wang i hovudrollene. 335 framsyningar seinare har 156 708 menneske kjøpt billett. Verken før eller seinare har fleire sett eit teaterstykke på nynorsk.
 
21.11. legg regjeringa Borten fram St.meld. nr. 15 (1968–69) Om språksaka, som byggjer på innstillinga frå Vogt-komiteen (sjå 1964, 1966, 1970).  
 
Kjartan Fløgstad debuterer med diktsamlinga Valfart på Det Norske Samlaget.
 
Eldrid Lunden debuterer med diktsamlinga f.eks. juli på Det Norske Samlaget.
Rolf Sagen debuterer med diktsamlinga Dørklinker.
 
Studentmållaget i Bergen gir ut første nummer av avisa Vestlandsfa’n.


Sist oppdatert: 20.02.2012