Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1969

19.1. diskuterer Stortinget for første gong pressestøtte til norske aviser, og ei ordning blir innført frå og med 1970. Noregs Mållag har på førehand fremja krav om at «ikkje noko offentleg støttetiltak skal fremja ei vidare favorisering av det eine målet». Den sida av saka blir ikkje nemnd i stortingsdebatten, men Arnt Hagen (Sp) viser til at lokale aviser er viktigare enn dei store avisene i arbeidet med å ta vare på slikt som «norske dialektar» (sjå 1973, 2002, 2009).
 
1.4. kunngjer Henning Rivedal at den første Sportsrevyen i kvar månad no skal vere redigert på nynorsk. Ideen har kome frå Kjell Kristian Rike. Etter den innleiande annonseringa frå nynorskbrukaren Henning Rivedal kjem reportasjar på nynorsk av mellom andre Knut Bjørnsen, Knut Th. Gleditsch og Jon Herwig Carlsen. Den første sinte telefonen kjem etter eitt  minutt, og det går mange dagar før det stilnar.
 
22.4. vedtek Odelstinget lov om grunnskulen, som inneber ni års obligatorisk skule og dermed skriftleg undervisning i nynorsk for heile årskulla. Med 51 mot 35 røyster vedtek Odelstinget at røysteretten ved val av skulemål skal avgrensast til foreldre og føresette til barn under 14 år. Odelstinget vedtek samrøystes at alle lærebøker skal liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris. Lova skal gjelde frå 1.8.1971 og skal vere innført i alle kommunar seinast hausten 1974.
 
13.6. vedtek Stortinget med 76 mot 22 røyster å løyve 75 000 kroner ”til et nynorsk pressekontor”. Mindretalet røystar for å løyve 100 000 kroner.
 
2.8. sender NRK første episode av Krutrøyk, teksta på nynorsk. Etter 112 episodar med nynorsk tekst og høge sjåartal er det slutt i 1974.
 
1.12. er Nynorsk Pressekontor i drift, skipa av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen, med Aani Rysstad som redaktør og Viking Mestad som første styreformannen. Målet er å få meir pressestoff på nynorsk.
 
Edvard Hoem debuterer med diktsamlinga Som grønne musikantar på Noregs Boklag.
 
Hausten 1969 tek Sylfest Lomheim til som programmedarbeidar i Sportsrevyen på NRK TV. Han blir den første som bruker nynorsk her.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 28.08.2014