Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1971

9.6. vedtek Odelstinget lov om Norsk språkråd for språkvern og språkdyrking. Lova blir sanksjonert 18.6. Rådet skal ha 21 representantar for kvar av målformene.
 
19.6. held Ivar Aasen-sambandet årsmøte og blir ein landsomfemnande organisasjon på linje med Noregs Mållag.
 
1.9. blir Telemark distriktshøgskule i Bø opna.
 
5.10. kjem første nummeret av Driva ut på Sunndalsøra med Einar Sæter som redaktør.
 
28.10. streikar over 35 000 elevar ved 110 gymnas for at lærebøker skal kome ut på begge målformer til same tid og til same pris. I fleire år frametter blir det mange slike aksjonar (sjå 1974).
 
1.11. blir Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda opna.
 
Det Norske Samlaget gir ut Soga om det store mannefallet av Jon Leirfall, den nynorskboka som har selt mest på allmennmarknaden i utgivingsåret, 103 000 eksemplar.
 
Studentmållaget i Oslo gir ut første nummeret av tidsskriftet Sentrum og Periferi. Bladet skiftar i 1972 namn til Mål og Makt.


Sist oppdatert: 28.08.2014