Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1972

1.2. konstituerer Norsk språkråd seg med Johs. Aanderaa som første formann (sjå 1971, 2003).
 
6.3. blir Norsk Bokreidingslag LL skipa opp att.
 
8.6. kjem første prøvenummeret av Bygdebladet ut på Sjøholt med Kjell Opsal som redaktør.
 
7.9. sender NRK TV det første av fem program i serien ”Leikestove” med Øyvind Holsvik og Guri Sem som programleiarar. Serien held fram med fem nye program frå 12.10.1973, no med Eva Solbakken og Asbjørn Tryggestad som programleiarar. Dette er første gongen nynorsk er brukt i Barne-TV utanom teksting av Familien Flint.
 
Henning Rivedal blir den første som leier Sportsrevyen i NRK på nynorsk.
 
Hans Sande debuterer med barneboka Lita grøn grasbok under pseudonymet Rasmus Lie på Det Norske Samlaget.
 
Norsk Målungdom (sjå 1961) gir ut første nummer av bladet Målfront, som under skiftande namn (Folkemål, Eg) og med vekslande utgivingsfrekvens frå 1997 kjem bladet ut under namnet Motmæle.


Sist oppdatert: 28.08.2014