Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1973

7.1. kjem første nummeret av Kvinnheringen ut på Husnes med Torfinn Myklebust som redaktør.

16.1. er nynorskbrukaren Øyvind Holsvik den første mannlege programverten i NRK TV.

9.2. lyser Akademiet i Rauland ut sju lektor- og adjunktstillingar med søknadsfrist 1.3. og får 127 søkjarar. Seinare blir fleire administrative stillingar lyste ut. Då haustsemesteret tek til, har skulen 103 studentar og 16 tilsette. Då haustsemesteret tek til i midten av september, står skule- og internatbygning klar. Byggjeleiar har vore sivilingeniør Ingvald Godal, stortingsrepresentant 1985–2001. Nybygget har kosta om lag 12 millionar, finansiert mellom anna ved kronerulling i målrørsla og lån frå Vinje kommune og Telemark fylke (sjå 1963, 1969, 1972). 

7.4. opnar nærradiostasjonen Radio Volda sendingane sine, til tonane frå «Dei gamle fjell i syningom». NRK blir med på eit samarbeid, men i 1977 er det slutt for Radio Volda.

13.4. går redaktør Per Håland i eit innlegg i Dag og Tid inn for at Stortinget vedtek «at t.d. halve pressestønaden skal gjevast til nynorsk, resten til bokmål» (sjå 196920022009).

25.5. vedtek Odelstinget med 44 mot 40 røyster at norsk ”til vanleg” skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga, men at studentane har høve til å byte med eit anna fag (sjå 1979).

23.6. prentar Bergens Tidende og Haugesunds Avis den første stripa av den amerikanske teikneserien Hårek, omsett til nynorsk av Gard Espeland. Med åra er dette den serien som går i flest norske aviser.

5.8. går landsmøtet i Noregs Mållag inn for at «statsløyvingane til pressa blir meir rettvist fordelte mellom målgruppene» (sjå 196920022009). På leiarplass i Dag og Tid skriv Tor Gabrielsen at eit slikt krav om språkkvotering i pressa «smakar for mykje av surmaga målmannspedant».

30.8. kjem første nummeret av Bømlo-Nytt ut på Finnås med Else-Marie Ovesen som utgivar og redaktør.

24.9. melder Firda Folkeblad at Henning Rivedal er tilsett som programmedarbeidar i reportasje- og idrettsavdelinga i NRK Fjernsynet for eitt år. Han blir den første som leier «Sporten» (seinare «Sportsrevyen») på nynorsk. Rivedal var hausten 1972 programleiar i «Leikestove» saman med Bergljot Engeset og leier utover hausten 1973 «Trimtreff» frå fleire stader i Noreg.

13.11. kjem første nummeret av Vest-Telemark Blad ut på Kviteseid med Tore Skaug som redaktør.

Per Olav Kaldestad debuterer med diktsamlinga Kikkert på Det Norske Samlaget.

Den første boka i lettles-serien Sirius med bøker for lesesvake kjem ut på Samlaget.

Studentmållaget i Oslo gir ut bladet Fram (sjå 1959) med Ola Normann Nedrelid som redaktør. Bladet går inn ut på 1980-talet.


Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 06.08.2020