Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1975

25.1. kjem første nummeret av Setesdølen ut på Bygland med Helge Arild Bolstad som redaktør.
17.2. opnar Norsk Målungdom den første landsomfattande dialektaksjonen, som varer til 22.2.
4.3. vedtek Stortinget med 71 mot 49 røyster ein tiårsplan for utbygging av distriktskontor for NRK i alle fylka, men røystar ned forslag om prøvedrift med nærkringkasting. Kringkastingsringen har arbeidd for desse sakene i fleire år.
2.8. vedtek landsmøtet i Noregs Mållag i Mosjøen å prioritere arbeidet for nynorsk skulemål og for dialektbruk.
15.8. kjem første nummeret av Ny Tid ut i Oslo med Audgunn Oltedal som redaktør. Frå 1979 blir avisa redigert på bokmål.
5.11. overleverer lektor Torkel Magnusdal og elevar frå Oddernes gymnas 25 000 underskrifter mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning til stortingspresident Guttorm Hansen. Aksjonen er sett i gang av Oslo-skolenes Riksmålsforening.

15.12. kjem første nummer av Tysvær Bygdeblad ut. Det første året er styret redaksjon- I 1976 blir Lars Olav Tunbø tilsett som redaktør, og avisa kjem ut to gonger i månaden. Seinare blir avisa redaksjonelt tospråkleg.

Om hausten blir L/L Nynorsk Bladdrift skipa av Kringkastingsringen, Nynorsk Dagblad og Dag og Tid. Det nye selskapet tek over utgivinga av Norsk Tidend 1976–81.
Det Norske Bibelselskaps Forlag gir ut ei ny omsetjing til nynorsk av Det nye testamentet, under leiing av Olav Farestveit og med Jarle Bondevik som språkkonsulent.
Etter fleire plater med engelske tekstar gir Namsos-gruppa Prudence ut plate med tekstar på trønderdialekt. Vokalisten heiter Åge Aleksandersen.


Sist oppdatert: 05.01.2016