Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1978

19.2. får Kjartan Fløgstad Nordisk Råds litteraturpris for romanen Dalen Portland, utgitt på Det Norske Samlaget året før. Fløgstad gir prisen til skulemålsarbeidet i Noregs Mållag (sjå 1988 og 2015).

2.3. gjer redaktør Jostein Pedersen avisa Valdres til ei avis som er redigert på begge målformer. Avisa hadde då vore utgitt sidan 1903, redigert på riksmål.

21.8. går Stavangerensemblet med vokalisten Frode Rønli på scena under ein solidaritetskonsert på tiårsdagen for den sovjetrussiske invasjonen i Tsjekkoslovakia. Grupppa vil lage ei stavangersk form for norsk rock, seier dei i intervju med Rogalands Avis 2. september. Der kjem det fram at gruppa blei stifta året før. Første singelplata blir lansert 16. desember. med «Vidunderlige nye Stavanger» og «Kan‘kje finna fingen», begge skrivne av Svein Tang Wa.

6.10. debuterer Sissel Solbjørg Bjugn med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen på Det Norske Samlaget.

1.11. kjem første nummeret av Dølaposten på Otta ut med Jon Vegard Lunde som redaktør. Avisa gir ut sitt siste nummer 25.8.1982.

1.11. er første salsdag for heile Bibelen  i nye omsetjingar til nynorsk og bokmål frå Det Norske Bibelselskaps Forlag. Olav Farestveit har hatt hovudansvaret for Det nye testamentet på nynorsk, Ole Øverland Gjerde for Det gamle (sjå 1975). Førsteopplaget for bokmålsutgåva er 50 000 eksemplar og 15 000 for nynorskutgåva. 

Les meir om bibelomsetjing.

Band II av Norsk Ordbok, dokument – flusken, blir gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktør: Alf Hellevik, og bandet er redigert av Andreas Bjørkum, Reidar Bø, Arnold Dalen, Arnbjørg Hageberg, Alf Hellevik, Laurits Killingbergtrø, Sigurd Nordlie og Gunnar Pedersen.

Johannes Gjerdåker debuterer med diktsamlinga Skot på gamal stuv på Noregs Boklag.

Ove Røsbak debuterer med diktsamlinga Lævandes dikt på dialekt på J.W. Cappelens Forlag.


Sist oppdatert: 06.08.2020