Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1979

15.3. vedtek Odelstinget med 67 mot 15 røyster at norsk skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga.

25.9. debuterer Ragnar Hovland med romanen Alltid fleire dagar på Det Norske Samlaget.

4.10. debuterer Rune Belsvik med ungdomsboka ... ingen drittunge lenger ... på J.W. Cappelens Forlag. Frå 18.10. les Helge Jordal frå boka i NRK Radio.

Framsidebilete til boka «..Ingen drittunge lenger..» av Rune Belsvik


12.10. har Nordahl Grieg-teatret urpremiere på skodespelet I skuggen av Telavåg på Husnes av debutanten Lars Amund Vaage. Den 8.11. debuterer han også med romanen Øvelse Kald vinter på Forlaget Oktober.

27.10. debuterer Torvald Sund med diktsamlinga Dugnadstid på Arbeiderns Forlag og 10.11. med barneboka Haustsommar i regnfjellet på Rune Forlag.

28.11. kjem første nummeret av Storfjordnytt ut i Norddal med Terje Linge som redaktør.

Atle Hansen debuterer med diktsamlinga Stille natt, Leirvik på eige forlag.

Lagsbrukssamskipnaden blir skipa. I 1997 blir namnet endra til Norske Lagsbruk.


Sist oppdatert: 06.08.2020