Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1981

5.2. er kronprins Harald og kronprinsesse Sonja til stades under 75-årsfeiringa til Noregs Mållag i Det Norske Teatret.

10.4. lanserer Oktober visesamlinga Vise og vers tel og om ongan i Lofoten, som er debutboka til Jack Berntsen.

8.5. avsluttar Landsorganisasjonen kongressen sin i Oslo. I eit samrøystes vedtak heiter det at grunndokument som vedtekter, arbeidsprogram og hovudavtale skal finnast på både nynorsk og bokmål, bladet Fri Fagbevegelse skal bruke meir nynorsk, og sekretariatet skal ha kompetanse til å bruke både nynorsk og bokmål (sjå 2013, 2017).

7.9. debuterer Trygve Hoff med visesamlinga Kokfesk, ballader og lørveblues på dialekt på Nordnorsk musikkforlag. På same dagen gir forlaget ut debutbøkene Usaklige viser og skjeive smil av Ragnar Olsen og Liv laga nordaførr av Halvdan Sivertsen. Dei tre debutbøkene er dei første utgivingane i serien Nordnorsk visekunst.

27.11. debuterer Svein Erik Brodal med prosaforteljingane Hår får vara for hår for er på dialekt på Noregs Boklag.  

16.12. kunngjer statsråd Lars Roar Langslet namna på dei første radiostasjonane som skal få drive forsøksverksemd med nærkringkasting.


Sist oppdatert: 06.08.2020