Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1983

16.2. gir Postverket ut dei første frimerka med både NOREG og NORGE.

6.4. melder både Bergens Tidende og Dagbladet debutromanen Raudt, svart av Jon Fosse, utgitt på Det Norske Samlaget.

2.7. blir Unni Fortun vald til den første kvinnelege leiaren i Noregs Ungdomslag under landsmøtet i Oslo.

28.9. debuterer Frode Grytten med diktsamlinga Start på Aschehoug. På utgivingsdagen publiserer Bergens Tidende eit intervju ved Jan H. Landro. Same dagen debuterer Marit Kaldhol med diktsamlinga Lattermilde laken på Det Norske Samlaget. 

 
 


Sist oppdatert: 06.08.2020