Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1985

20.2. kjem første nummeret av Norsk Tidend, eit nytt felles bladtiltak for Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Kringkastingsringen, og ei vidareføring av Riksutgåva som ei tid var blitt utgitt i samarbeid med Gula Tidend.
 
30.3. kjem første nummeret av Vestmannen ut med Jostein Krokvik som redaktør og Vestmannalaget som utgivar.
 
6.5. opnar kong Olav 5 nybygget til Det Norske Teatret. Nybygget har kosta 482 mill 1981-kroner. Det har gått 72 år sidan teatret først reiste byggjesaka (sjå 1913).
 
9.5. tek presidentskapen i Stortinget imot utsendingar frå Noregs Mållag i høve hundreårsjubileet for jamstellingsvedtaket (sjå 1885). Noregs Mållag overrekkjer Stortinget Ole Nesviks målarstykke av Elias Blix. I talen ved mottakinga seier stortingspresident Per Hysing-Dahl (H) m.a. om målrørsla at ”den folkeopplysende innsats som her er ydet, har gjort livet rikere og åpnere for svært mange nordmenn”. Aftenposten reagerer skarpt på utsegnene.
 
I mai overtek Det Norske Samlaget alle aksjane i Noregs Boklag, forlagsnamnet og dei bokrettane som følgjer med, etter nyskiping og omorganisering i 1926 og 1980 (sjå 1922).
 
19.9. har Det Norske Teatret si første framsyning i nybygget i Kristian IVs gate 8 i Oslo: Romeo og Julie av William Shakespeare. Opninga blir markert av meir enn 50 lokallag i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.
 
12.–13.10. blir hundreårsjubileet for jamstellingsvedtaket i 1885 feira med bl.a. festhøgtid i Det Norske Teatret, Oslo.
 
31.10. kjem første nummeret av Øy-Blikk ut på Valderhaug med Odd Egil Valderhaug som redaktør.
 
1.11. gir Noregs Bank ut den første pengesetelen med nynorsk tekst, med motiv av A. O. Vinje. Det har gått 62 år sidan Noregs Mållag reiste eit krav om nynorske pengesetlar (sjå 1923).
 
25.11. skipar Hordaland fylkeskommune og Vestlandske Teaterlag Hordaland Teater L/L. I 1987 utvidar fylkeskommunen sin del av aksjekapitalen og overfører dei nye aksjane til Hordaland Mållag, Hordaland Ungdomslag, Hardanger Ungdomslag, Hordaland Folkeopplysningsråd og Folkeakademi, og Hordaland Studiesamnemnd. Første styreformannen er Simon Kringnes, og Anne Gullestad er første teatersjefen (sjå 1988).
 
10.12. vedtek Odelstinget samrøystes i lov om grunnskulen på ny allmenn røysterett ved val av skriftleg opplæringsmål (sjå 1915 og 1969). Lagtinget godkjenner lova samrøystes 16.12.
 
Liv Marie Austrem debuterer med barneboka Vikagjengen på Norsk Barneblads Forlag.


Sist oppdatert: 19.09.2019