Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1986

17.2. gir Det Norske Samlaget ut Nynorskordboka, redigert av Marit Hovdenak o. fl. Dette er eit biprodukt av arbeidet med Norsk Ordbok.

17.9. offentleggjer J.W. Eides Forlag at Helga Gunerius Eriksen saman med illustratøren Jørgen Blitzner med boka På stripejakt vann i kategorien illustrerte bøker i ein konkurranse som forlaget har lyst ut. Dette er debutboka hennar. 

20.9. kjem første nummeret av Trønderbladet ut på Melhus med Åsmund Snøfugl som redaktør. Avisa er eit framhald av Melhusbladet som blei skipa i 1979, blir kjøpt av Adresseavisen i 1996 og går over til å bli redigert på bokmål.


Sist oppdatert: 06.08.2020