Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1990

21.2. blir Bokmålsforbundet skipa i Bergen av Steinar Øksengård, som også er dagleg leiar. Målet er å gjere moderat bokmål til einaste skriftspråket i landet.

22.2. vedtek Odelstinget i ny lov om stadnamn at boksmålsrettskrivinga skal vere ein del av normeringsgrunnlaget ved sida av nynorsk og at skrivemåten skal ta utgangspunkt i nedervd lokal uttale (sjå 192919572004).

17.7. vitjar leiaren i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget, Theo Koritzinsky, Ivar Aasen-museet i Ørsta. 

12.9. seier leiaren i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget, Theo Koritzinsky, til Nationen at han er skuffa over Ivar Aasen-museet på Sunnmøre. Det er utan faste opningstider, er vanskeleg å finne og seier «altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur». 

30.10. tek Theo Koritzinsky opp att synspunkta sine om at Ivar Aasen-museet er for lite, på ein landskonferanse om kulturforsking i Førde. 

3.11. refererer Møre-Nytt i Ørsta synspunkta frå Førde. I lunsjpausen på distriktshøgskulen i Volda les Arne Apelseth, Ola E. Bø og Jostein Nerbøvik avisoppslaget. ”Ja vel, så gjer vi noko med det!” seier Nerbøvik. Same kvelden vedtek styret i Aasen-museet å arbeide for å få til ”eit institutt for nynorsk språk og kultur” i Aasen-tunet.

6.11. held Arne Apelseth foredrag på Volda lærarskule. Der gjer han framlegg om å lage til ei nynorsk festspelveke på seinsommaren kvart år.

13.11. blir det første uformelle møtet om det nye Aasen-tunet halde på lokalkontoret til Samlaget i Volda.


Sist oppdatert: 18.02.2019