Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1991

10.3. blir Ivar Aasen-selskapet skipa i Bergen av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset med det føremålet å gi ut etterlatne manuskript av Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans (sjå 1992).
 
15.4. prentar Norsk Barneblad for første gong teikneserien ”Annika”, fortald og teikna av Håkon Aasnes.
 
15.7. tek digitaliseringa av Grunnmanuskriptet til som del av Dokumentasjonsprosjektet ved Historisk-filosofisk fakultet, Universitetet i Oslo. Grunnmanuskriptet er eit ordbokmanuskript på 13 500 A4-sider som redaksjonen i Norsk Ordbok laga i 1930-åra på grunnlag av alle dei største ordbøkene og med definisjonar på nynorsk. Digitaliseringa er ferdig seinhaustes 1992 (sjå 1992).
 
Bjørn Seljebotn i Nynodata presenterer første versjonen av dataprogrammet Nyno for datamaskinell omsetjing frå bokmål til nynorsk.
 
Brit Bildøen debuterer med diktsamlinga Bilde av menn på Det Norske Samlaget.


Sist oppdatert: 22.10.2009