Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1992

29.8. opnar prinsesse Märtha Louise den første Nynorsk Festspelveke på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden i Ørsta, med Jon Tvinnereim som formann og Marie Ekset Haug som dagleg leiar. Arrangementet skiftar året etter namn til Dei nynorske festspela.
 
I august/september tek digitaliseringa av setelarkivet i Norsk Ordbok til. Arkivet inneheld nesten tre millionar setlar med informasjon om tyding og bruk av enkeltord i skrift og tale. På det meste, i 1993, arbeider over hundre personar med innskriving i Mo i Rana. Denne arbeidsmåten blir avslutta våren 1994.  
 
15.10. legg kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget fram Innst. S. nr. 17 (1992–93) om den nyaste mållovsmeldinga. Saksordførar er Leiv Blakset (SP), og fleirtalet av SV, Ap, SP og KrF går inn for at ”det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både nynorsk- og bokmålsversjon”.
 
Bjørn Sortland debuterer med ungdomsromanen Det er ikkje natta på Det Norske Samlaget.
 
Ivar Aasen-selskapet gir ut første nummeret i sin skriftserie: Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen. Siste boka med manuskript av Ivar Aasen kjem ut i 2006.


Sist oppdatert: 22.10.2009