Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1993

7.1.1993 kjem første nummeret av Sogn Avis ut på Leikanger med Gerhard Haugland som redaktør.

24.3. er dronning Sonja gjest ved regjeringsmottaking i Parkvegen 45 i Oslo i høve 125-årsjubileet til Det Norske Samlaget. Forlaget markerer jubileet med over hundre tilstellingar i alle fylka under slagordet «Forlaget for heile landet».

18.6. blir Landssamanslutninga av nynorskkommunar skipa på Bryne av utsendingar frå 32 kommunar med Nils G. Taklo som første leiaren. Etter få år er over 90 % av alle nynorskkommunane medlemmer.

29.8. overrekkjer Dagfinn Worren eit ferskt eksemplar av andre utgåva av Nynorskordboka til kulturminister Åse Kleveland under Dei Nynorske Festspela i Ivar Aasen-tunet (sjå 1986). Boka blir i 1994 gjord tilgjengeleg på nettet av Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo (sjå 1991).

30.8. blir Ivar Aasen-stiftinga skipa i Ørsta. Føremålet er å arbeide for nynorsk skriftkultur, særleg å realisere planane om Ivar Aasen-senteret i Ørsta/Volda som det har vore arbeidd med sidan 1990, og arrangere Dei nynorske festspela. Etter kvart blir 21 institusjonar og organisasjonar frå heile landet med i stiftinga, som i 1998 skiftar namn til Nynorsk kultursentrum (sjå 1997).

21.9. debuterer Odveig Klyve med diktsamlinga Rift på J.W. Cappelens Forlag.


Sist oppdatert: 06.08.2020